Image 1 of 5 Of:  Avalanche Activity Copyright:  brit-siv@obskorps Comment:  Mange små laussnøskred i bratthenget midt i biletet, frå mildvêret på onsdag.
Image 2 of 5 Of:  Avalanche Activity Copyright:  brit-siv@obskorps Comment:  Eit flakskred løsna på underlag av sva, midt i biletet. Truleg frå onsdagens mildvêr og regn, evt torsdag. Løsneområde på ca 900 moh under toppen av Trollet, Nedrebødalen på Ålhus.
Image 3 of 5 Of:  Weather Copyright:  brit-siv@obskorps Comment:  Skyfritt og fint vêr på ettermiddag. Frå sørsida av Jølstravatnet og over mot Ålhus. Snøgrensa har auka litt igjen, til 3-400 moh etter mildvêr og regn onsdag. I svært bratt terreng lite snø under skoggrensa.
Image 4 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  brit-siv@obskorps Comment:  Tynt snødekke frå ca 3-400 moh.
Image 5 of 5 Of:  Snow Cover Copyright:  brit-siv@obskorps Comment:  Mot Fagredalen, Nyken og Trollebotnen, med Grovabreen bakom. Snøoverflata av bærande porøs skare
Avalanche Activity
• 7. Feb. During the day (+01:00) • No avalanche activity • Ingen fersk skredaktivitet. Men såg ein del skredaktivitet frå mildvêret som var onsdag i området frå Vassenden og oppover langs Jølstravatnet. Mange våte laussnøskred str 1 og 2 i brattheng, og eit flakskred løsna på underlag av sva, str 2-3
Weather
• No precipitation • 1 °C • 12 m/s from SE ↖ • Lettskya fint vêr fredag, oppklarning og meir eller mindre skyfritt i løpet av ettermiddagen. Heilt vindstille i låglandet. Men tidvis kraftig vind frå ca 1000 moh.
Snow Cover
• 75 cm • No snowdrift • 0 cm • Snow line at 300 masl • Crust • Dry • Tynt snødekke frå ca 3-400 moh i indre delar av Sunnfjord, på 700 moh 70-80 cm snødjupne. Frå Førde og vestover lite eller ingen snø under 600 moh. Opp til ca 1000 moh er snødekket generelt smelteomvandla og stabilisert etter fleire rundar med mildvêr og regn høgt til fjells, sist på onsdag ettermiddag til torsdag denne veka. Med oppklarning og fint vêr har det fryst på, så snøoverflata i ettermiddag var av porøs skare, men meir glasert på vindutsatte områder nær toppen. Mildvêret onsdag-torsdag har nådd høgare opp enn turen i dag, der eg var opp til 1160 moh. Men på denne høgda kom det meste av nedbøren onsdag-torsdag som snø før det gjekk over til regn, og det var berre eit tynt men solid skarelag som eit lokk over fokksnøen.
• LBT@55cm(Q3) • Svært hard belastning.
Snow Profile
• 2 tests connected to snow profile • 6 Stratigraphy layers • 9 temperature points observed
Avalanche Problems
• Dry slab avalanche • Buried weak layer of new snow • Within half a meter • Very difficult to trigger • 2 - Medium • Few steep slopes N, NE, E, SE above 1100 masl
Avalanche Danger Assessment
• Generelt stabile forhold så høgt som eg var i dag til 1160 moh. Mildvêret onsdag - torsdag har nådd opp til over denne høgda, og det har fryst på til skare fredag. Fokksnøen frå nedbøren onsdag - torsdag har stabilisert seg. (På denne høgda der eg testa låg denne fokksnøen under eit skarelag.) • Fokksnø i høgfjellet vil stabilisere seg ytterlegare, før det er venta noko nedbør i kombinasjon med vind utpå dagen laurdag. Over nysnøgrensa vil ny nedbør og vind gi ustabile nysnøflak i leområder som vil være lett å løyse ut, men det er først søndag det er venta nedbørsmengder som truleg gir auka faregrad • 1 Low • Forecast too high • Utifrå dagens obstur vurderer eg skredfaren som liten opp til den høgda eg har vore. Mulig det kan ha vore faregrad 2 når ein kjem over mildvêrsgrensa frå onsdag og torsdag.